Om oss

Indre Sogn og Voss sopp- og nytteveksforening femner om dei seks kommunane i Indre Sogn, i tillegg til Voss, som er ein omfangsrik region med variert landskap og stor naturrikdom! Den omfattar Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Sogndal, Luster og Voss. Foreninga har so mål å bidra til glede, læring og meining knytt til den fantastiske naturen som me har her. Me ynskjer å inspirere til meir hausting av naturen ved å spreie kunnskap om alt det ein kan nytte sopp og bær, tang og tare og andre nyttevekstar til, med vekt på hausting som i tråd med naturen si tolegrense.

Foreninga blei etablert våren 2024, med ope stiftingstreff i kulturhuset i Lærdal. Nokon veker etter gjekk det første nyttevekstkurset vårt av stabelen, for elevar og tilsette ved den økologiske landbruksskulen i Aurland. Med eit styre med representantar frå alle dei sju kommunane, er det eit mål å ha aktivitet i kvar av desse årleg. Me vil ha alt frå turar, kurs, føredrag, studiereiser, soppkontrollar, infostands, m.m., retta mot ulike målgrupper, og gjerne i samarbeid med andre.

Alle dei som ynskjer å vere medlem av vår lokalavdeling, er hjarteleg velkomne til det. Me har plass til dei som berre er nysgjerrige og har lyst å lære og vere med på litt, men og til dei som ynskjer å vere meir aktiv og involvert.

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram 😊

<a href="https://soppognyttevekster.no/nyttevekst/strutseving/" rel="noopener" target="_blank"

Strutsevinger som spirar ein dag tidleg i mai.

Styrets sammensetning

Rolle Kven E-post Telefon Kvar Kyndig
Styreleiar Gry Beate Mørk gry.b.moerk@gmail.com 951 41 438 Aurland
Kasserer Bjørg Eldri Fristvold bfritsvo@gmail.com 911 54 501 Vik
Styremedlem Eli Anine Heiberg Sogndal Soppkyndig
Styremedlem Tor-Erik H. Paulsen Årdal
Styremedlem Åge Flakk Lærdal
Styremedlem Linda Bukve Voss
Styremedlem Monica Gjesdal Larsen Aurland
Styremedlem Silvija Apeinane Luster