Om oss

Indre Sogn og Voss sopp- og nytteveksforening femner om dei seks kommunane i Indre Sogn og Voss. Det er ein stor region med variert landskap og stor naturrikdom! Den omfattar Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Sogndal, Luster og Voss. Foreninga har som mål å bidra til glede, læring og meining knytt til den fantastiske naturen som me har her. Me ynskjer å inspirere til meir hausting av naturen ved å spreie kunnskap om alt det ein kan nytte sopp og bær, tang og tare og andre nyttevekstar til, med vekt på hausting som i tråd med naturen si tolegrense.

Foreninga blei etablert våren 2024. Styret har representantar frå alle dei sju kommunane. Målet er å ha aktivitet i alle kommunane kvart år. Me vil arrangera turar, kurs, føredrag, studiereiser, soppkontrollar og infostands retta mot ulike målgrupper, og gjerne i samarbeid med andre.

Alle dei som ynskjer å vere medlem av vår lokalavdeling, er hjarteleg velkomne til det. Sjå knapp for medlemskap oppe til høgre.

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram 😊

 

Strutsevinger som spirar ein dag tidleg i mai.

 

Styrets sammensetning

Rolle Kven E-post Telefon Kvar Kyndig
Styreleiar Bjørg Eldri Fritsvold bfritsvo@gmail.com 95848870 Vik
Nestleiar Gry Beate Mørk gry.b.moerk@gmail.com 95141438 Aurland
Kasserar Jørgen Lokøy jgloko99@gmail.com 98669019 Lærdal
Styremedlem Tor-Erik H. Paulsen tor-e.h.p@hotmail.com 41297302 Årdal
Styremedlem Helge Alme helg-alm@online.no 90683371 Luster
Styremedlem Eli Heiberg eli.heiberg@hvl.no 48228969 Sogndal Soppkyndig
Styremedlem Paula Jimena Clavijo tor-e.h.p@hotmail.com 46767634 Voss