Utdanning til soppsakkunnig – nettkurs og feltkurs i Sogndal

Praktisk info

Fra: 05.09.2026 10:00

Til: 20.09.2026 15:00

Adresse: Møllevegen 18, Sogndal, Norge

Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 12

Pris fra: 2200 kr

Bestill / Meld på

Påmeldingsfrist: 03.09.2026 23:59

Vil du bli soppsakkunnig? Ta teorikurs på nett og feltkurs i Sogndal

Norges sopp- nyttevekstforbund tilbyr nettkurs for dei som vil utdanna seg til soppsakkunnige. Dei tilrår at teoridelen blir kombinert med feltkurs tilsvarande det Indre Sogn og Voss sopp- nyttevekstforening tilbyr i september.

Teorikurset

er basert på eigenstudiar i kursportalen. Ved ein feil vart ikkje nettkurset som starta opp i mai annonsert her, men alt er tilgjengeleg i opptak. I løpet av kurset vert dei viktigaste mat- og giftsoppane gjennomgått –  når det gjeld oppbygging, kjenneteikn og levevis. Kurset dekkjer det teoretiske stoffet som ein må kunne for å gå opp til ”Prøve for soppsakkunninge” og er eksamensretta, det vil si at det stoffet som ein skal kunne for å bli soppsakkunnig blir gjennomgått. I tillegg til dette trengs det mykje tid ute i skog og mark for å bli kjent med artane, gjerne både aleine og i lag med andre som kan mykje om sopp, det er difor vi tilbyr feltkurs her i Sogn.

Kurset innkluderer 20 timer digital undervisning, og opptak av undervising fra 2024 og 2025 ligg også i kursportalen.

All erfaring viser at mengdetrening i å sjå og ta på soppane og bestemme art er heilt avgjerande for å bestå eksamen som soppsakkyndig. Feltkurset består av fleire turar i felt og mykje tid til studiar av soppen som vi finn og trening på å bestemme art. Deltakarane bør ha gjennomført det meste av teorikurset før feltkurset.

Feltkurset går over to helger og varar i til saman 20 timar. Ta kontakt dersom noko er uklart. Eli og Nina Heiberg svarar på faglege spørsmål. Bjørg Fritsvold svarar på andre spørsmål enn dei faglege. Vel møtt til kurs!

Sjå studieplan for heile kurset her: Utdanning av soppsakkyndige: https://www.naturogmiljo.no/studieplaner/9590

Feltkurset

Helg 1:

Laurdag 5. september kl 10-15.00
Søndag 6. september kl 10-15.00
Oppmøte i hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal.

 

Helg 2:

Laurdag 19. september kl 10-15.00
Søndag 20. september kl 10-15.00
Oppmøte i hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal

 

 

Oppmøtedetaljer

Oppmøte ved hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal.