Sopptur med erfaren turleiar på Hafslo
Praktisk info
Dato: 17.08.25
Tidspunkt: 10:30 - 15:00
Adresse: Sogn Skisenter - alpinanlegg, Hafslo, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 13
Pris fra: 100 kr
Arrangementet er stengt for påmelding
Sanking og bruk av trygge matsoppar med Anne Lise Haukadal
Soppturen er på Hafslo, oppmøtestad Sogn skisenter, Heggmyrane.
Anne Lise Haukadal er turleiar. Ho har lang erfaring med plukking og bruk av sopp og har godkjenning frå Mattilsynet til å driva med salg av sopp.
Før turen startar vil me snakka litt om dei vanlegaste soppane vi finn her, om dei som er trygge å plukka og dei som vi ikkje skal plukka
Deltakarane tek med korg og god kniv, anten soppkniv eller ein skarp kjøkkenkniv. Dersom det er tørt vær kan ein også bruke papirposar. Arrangøren deler ut pappbeger til å skilja artane frå kvarandre i korga. Etter turen skal me ha enkel matlaging med sopp.
Alle er hjarteleg velkomne! Turen kostar 100 kr for medlemar og 200 kr for andre. Meld deg på og betal med Vipps via påmeldingsknappen her på sida. Born i følgje med føresette går gratis og treng ikkje melda seg på.

Oppmøtedetaljer
Sogn skisenter, Heggmyrane