Soppkurs tilsaman med Årdal Turlag på Ytre Moa
Foto: Tor-Erik Dahl
Praktisk info
Dato: 13.09.26
Tidspunkt: 12:00 - 15:00
Adresse: Moa 11, 6884 Øvre Årdal, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 13
Pris fra: 200 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 12.09.2026 23:59
Lær meir om sopp og bli tryggare på kva du kan ete i skogen
Bli med på ein trivelig tur med lavt tempo og nyttig kunnskap. I saman med soppsakskyndige Bjørg Frisvold og Årdal turlag finn me til Ytre Moa i Årdal kommune for å plukke og studere sopp. Her kan du ta med heile familien (gratis for barn) på eit lærerikt kurs.
Skogen er full av spennande smakar på hausten og soppen er ein av dei mest kjende. Likevel er det ikkje alle som er trygge på plukking av matsopp. Me håpar at du kan blir tryggare og finne nokre nye favorittsopp.
Her blir det og kaffi med noko attåt.
Kaffi er sjølvsagt inkludert.
Oppmøtedetaljer
Paringsplassen ved Ytre Moa