Sjømat i fjæra – tang og tare
Praktisk info
Dato: 27.05.25
Tidspunkt: 18:00 - 20:00
Adresse: Ytre Slinda, Slinde, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 5
Pris fra: Gratis
Ledere
Arrangementet er stengt for påmelding
Sanking av tang og tare for nybegynnarar
Kveldstur for nybegynnarar som vil lære om nyttevekstar i havet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn Botaniske forening og Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening
Bli med på sanketur og lær om nokre tang- og tareartar du kan eta og korleis ein kan bruka dei i matlaging. På denne turen har vi ikkje leigd inn fagfolk på området. Målet er å få til best mogleg deling av den kunnskapen som er i gruppa. Dette vil gje eit godt grunnlag for eit kurs med innleigde fagfolk neste år. Brosjyre om tang og tare utarbeidd av Norges sopp- og nyttevekstforbund blir delt ut på turen. I mellomtida kan du studere den på nett: Tang og tare i hverdagsmaten (2023)
Ta med: støvlar, brodder, saks, plukkenett/plastpose/bøtte
Turen er gratis for medlemar i dei to foreningane som står bak arrangementet, andre betaler kr 100. Men det er påkrevd med påmelding i feltet til venstre både for dei som går gratis og dei som betaler.

Oppmøtedetaljer
Oppmøte ved avkjøring til venstre på Slindesida (austsida) av Fatlatunnelen (den gamle riksvegen). Sjå markering på kartet under. NB: viktig at deltakarane planlegg samkjøring med tanke på parkering.