Plantejakt for familiar og alle interesserte

Praktisk info

Dato: 22.06.25

Tidspunkt: 11:00 - 12:30

Adresse: Flyplassvegen 135, 5705 Voss, Norge

Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 19

Pris fra: Gratis

Ledere

Paula Jimena Clavijo

jimeniprc@hotmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Vil du lære meir om ville, etande plantar? Bli med Laura og Jimena på spennande turar og samtalar der vi utforskar og lærer å kjenne att ville nyttevekstar i naturen! Laura er nyttevekstkyndig og Jimena er under utdanning for å bli nyttevekstkyndig ( kurs i regi av Norges sopp- og nyttevekstforbund)

Arrangementet er gratis. Det er likevel naudsynt med påmelding, fordi vi må ha ei øvre grense på tal deltakarar. Men du treng ikkje melde på born i følgje med foreldre. Bruk knappen til venstre på denne sida og meld deg på.
For meir informasjon ta kontakt med Jimena på tlf 46767634 eller sjå på instagramkonto @isv_soppognyttevekstforening

 

Jimena og Laura planlegg turar med skiftande tema to søndagar i månaden ut august. Kvar tur varer ca. 1–1,5 time og opplegget er slik:
Kort introduksjon
Plukkerunde med kunnskap
Matlaging / smak / sansing
Felles avslutning

 

🌿 Vill vekst-tur med smak! 🌿
Søndag som kjem dreg Laura, Lorena og Jimena ut på tur – og du er velkomen med! Vi skal på jakt etter ville vekster for å laga ei frisk og smakfull grøn saus – perfekt til kjøt, men også god som allsidig kryddarsaus til alt mogleg.
Vi ser etter vekster som:
🌱 Brennesle
🍀 Kløver
🌼 Ryllik
🌿 Groblad
…og kanskje finn vi meir!
📚 Vi tek med og deler ut blad frå Sopp og nyttevekster med nyttig informasjon for deg som vil lære meir.
🌾 Bli med og lær korleis ein kan bruke naturen sin eigen smaksskatt!

Oppmøtedetaljer

klubbhuset til fallskjermklubben Flyplassvegen 135, 5705 Voss, Norge