På vandring etter nyttige fremmedartar i Aurland
Foto: Gry Mørk
Praktisk info
Dato: 06.09.26
Tidspunkt: 11:00 - 15:00
Adresse: Helabrotet 2, 5745 Aurland, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Pris fra: Gratis
Ledere
Gry Mørk
Lær meir om utvalde fremmedartar og deira nytteverdi til ulike føremål
Aurland Husflidslag og Voss og indre Sogn Sopp- og nyttevekstforening inviterar til sanketur for å lære meir om kva framande artar kan brukast til. Framande artar er «nye» i Norge det er lite kunnskap å finne om om dei i tradisjonell norsk plantebruk.
Vi møtast på Aurlandvangen og sankar planter i gåavstand derifrå.
Vi startar med litt introduksjon om kva framande artar er og dømer på ulike bruksområder.
På sankedagen finn vi framande artar vi har lokalt i Aurland og ser på ulik bruk: hovusakleg vil dette vere korleis vi kan nytte det vi sankar til mat, plantefarging eller fiber til ulik bruk. Vi lærer av kvarandre!
Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ta med nysgjerrigheit og kle deg etter vêret. Ta også med hagsaks, hanskar og boksar/posar /korg til å sanke i, og ein pose til avfall. Det er viktig å kaste det vi ikkje skal bruke på rett måte, slik at vi hindrar vidare spreiing.
Velkomen til ein dag der vi ser på framande artar med nye auge – som noko vi kan lære av, utforske og kanskje også lage noko av.
Sankedagen er gratis for medlemmar i Husflidslaget og Sopp- og nyttevekstforeningen. For andre kostar det 100 kr. (Vipps til 97 14 21 12 ved påmelding.)
Kontaktpersonar:
Gry Mørk: 95 14 14 38
Kaja S. Moen: 97 14 21 12