Nyttevekstkurs i Lærdal
Praktisk info
Dato: 24.06.25
Tidspunkt: 17:00 - 21:00
Adresse: Nasjonalt villlakssenter Lærdal, Øyraplassen, Lærdal, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 9
Pris fra: 150 kr
Ledere
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli med på tur for å lære om nyttevekstar
Du får lære nokre tommelfingerreglar, som til dømes at
- skjermplanter er den vanskelegaste slekta med flest giftige artar
- alt på løvetann er etande
- område der den naturlege vegetasjonen er forstyrra ofte er gode plassar for å finne nyttevekstar
- det alltid er bærekraftig å plukke framandartar
Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF) stiller krav om at lærarar på slike kurs skal vera nyttevekstkyndige (bestått kurs i regi av NSNF). Vi er så heldige å ha fått med oss Cathrine Johnsen og Jone Sollid Næss som lærarar på kurset. Dei er begge utdanna nyttevekstkyndige og soppsakkyndige. Du kan lesa meir om dei på heimesida deira HER
Påmelding via lenke til venstre, pris for kurset er 150 kr for medlemmar og 250 kr for dei som ikkje er medlemmar. Ta kontakt om de har spørsmål
Oppmøtedetaljer
Oppmøte ved Nasjonalt villakssenter i Lærdal. Det blir utgangspunkt for tur langs Lærdalselvi.