Grunnkurs i soppkunnskap – sanking og bruk av sopp til mat
Praktisk info
Dato: 26.09.26
Tidspunkt: 10:00 - 17:00
Adresse: ViteMeir - Vitensenteret i Sogn, Skarpeteigvegen 2, Kaupanger, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 30
Pris fra: Gratis
Ledere
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 24.09.2026 23:59
Lær deg trygge matsoppar og korleis dei kan brukast i matlaging
Kurset blir arrangert i samarbeid mellom Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening og ViteMeir – Vitensenteret i Sogn.
Kurset høver for deg som er interessert i sopp – også om du har lite erfaring. Du får ei kort innføring om sopp inne før vi går på sopptur i nærleiken. Etter omlag 3 timar vert det gjennomgang av innsamla sopp med soppkontroll av Nina og Eli Heiberg. Frå omlag klokka 15 lagar vi mat av innsamla sopp på kjøkenet Smake Meir.
Ta med høvelege kle for turen, niste og korg eller solid papirpose til å samle sopp i. I tillegg bør du ta med nokre plastbeger til ukjende soppar slik at vi ikkje blandar matsopp med mogleg giftige. Ein tynnblada kniv og ein liten kost for å reingjere soppen bør også være med.
Fagleg ansvar Eli og Nina Heiberg
Ansvar påmelding mm.: Bjørg Fritsvold
Oppmøtedetaljer
Frammøte ViteMeir - Vitensenteret i Sogn, Skarpeteigvegen 2, Kaupanger, Norge. Sjå kart her på sida.