Soppkurs tilsaman med Årdal Turlag og soppsakskyndig Bjørg

Foto: Tor-Erik Dahl

Praktisk info

Dato: 13.09.26

Tidspunkt: 12:00 - 15:00

Adresse: Øvre Årdal, Norge

Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 15

Pris fra: 200 kr

Ledere

Tor-Erik Holt Paulsen

tor-e.h.p@hotmail.com

Bestill / Meld på

Påmeldingsfrist: 12.09.2026 23:59

Lær meir om sopp og bli tryggare på kva du kan ete i skogen

Bli med på ein trivelig tur med lavt tempo og nyttig kunnskap. I saman med soppsakskyndige Bjørg Frisvold og Årdal turlag finn me ein plass i Årdal kommune for å plukke og studere sopp. Her kan du ta med heile familien (gratis for barn) på eit lærerikt kurs.

Skogen er full av spennande smakar på hausten og soppen er ein av dei mest kjende. Likevel er det ikkje alle som er trygge på plukking av matsopp. Me håpar at du kan blir tryggare og finne nokre nye favorittsopp.

Program:
12:00 Velkomst. Innleiing, kort økt med teori om sopp
12:30 Sopptur
14:30 Samling inne med oppsummering og artsbestemming av soppane som er funne.
Her blir det og kaffi med noko attåt.
Alle deltakarar tek med seg soppkorg og god kniv.
Arrangøren syter for små korger/pappbeger til utdeling slik at ein kan skilje soppartane frå kvarandre i korga.
Kursavgift kr. 250,- Medlemspris (DNT og sopp og nyttevekst) kr. 200,- (medlemar i DNT vil få refundert 50 kr). Born i følgje med føresette skal ikkje betale og treng ikkje melda seg på.
Kaffi er sjølvsagt inkludert.

Oppmøtedetaljer

Stad og oppmøte kjem