Utdanning til soppsakkunnig – nettkurs og feltkurs i Sogndal
Praktisk info
Fra: 19.05.2026 19:00
Til: 20.09.2026 15:00
Adresse: Møllevegen 18, Sogndal, Norge
Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 12
Pris fra: 2200 kr
Ledere
Arrangementet er stengt for påmelding
Vil du bli soppsakkunnig? Ta teorikurs på nett og feltkurs i Sogndal
Norges sopp- nyttevekstforbund tilbyr nettkurs for dei som vil utdanna seg til soppsakkunnige. Dei tilrår at teoridelen blir kombinert med feltkurs tilsvarande det Indre Sogn og Voss sopp- nyttevekstforening tilbyr i september.
Teorikurset
er basert på eigenstudiar i kursportalen. Du får også tilbod om å delta på 20 timar med digital undervisning i Zoom som ein del av teorikurset, men det krev eiga påmelding. Informasjon blir sendt ut på e-post.
I løpet av kurset vert dei viktigaste mat- og giftsoppane gjennomgått – når det gjeld oppbygging, kjenneteikn og levevis. Kurset dekkjer det teoretiske stoffet som ein må kunne for å gå opp til ”Prøve for soppsakkunninge” og er eksamensrettet. I tillegg til dette trengs det mykje tid ute i skog og mark for å bli kjent med artane, gjerne både aleine og i lag med andre som kan mykje om sopp.
Kurset innkluderer 20 timer digital undervisning. Kurskveldane er stort sett tirsdagar fra kl. 19.00-21.00. All undervisning blir tilgjengeleg i opptak, og opptak av undervisning fra 2024 og 2025 ligger i kursportalen.
Oppstart 19. mai, kl. 19.00-20.00.
Ordinære kurskveldar vidarer blir på tirsdagar 19.00-21.00: 26.mai, 2. juni, 9. juni, 4. august, 11. august, 18. august, 25.august, 1. september, 8. september og NB! torsdag 10. september
All erfaring viser at mengdetrening i å sjå og ta på soppane og bestemme art er heilt avgjerande for å bestå eksamen som soppsakkyndig. Feltkurset består av fleire turar i felt og mykje tid til studiar av soppen som vi finn og trening på å bestemme art. Deltakarane bør ha gjennomført teorikurset før feltkurset.
Feltkurset går over to helger og varar i til saman 20 timar. Ta kontakt dersom noko er uklart. Eli og Nina Heiberg svarar på faglege spørsmål. Bjørg Fritsvold svarar på andre spørsmål enn dei faglege. Vel møtt til kurs!
Sjå studieplan for heile kurset her: Utdanning av soppsakkyndige: https://www.naturogmiljo.no/studieplaner/9590
Feltkurset
Helg 1:
Laurdag 5. september kl 10-15.00
Søndag 6. september kl 10-15.00
Oppmøte i hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal.
Helg 2:
Laurdag 19. september kl 10-15.00
Søndag 20. september kl 10-15.00
Oppmøte i hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal
Oppmøtedetaljer
Oppmøte ved hytta til Sogndal Jakt- og Fiskeforening, Møllevegen 18 i Sogndal.