Nyttevekstkurs i Lærdal

Praktisk info

Dato: 24.06.25

Tidspunkt: 17:00 - 21:00

Adresse: Nasjonalt villlakssenter Lærdal, Øyraplassen, Lærdal, Norge

Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 9

Pris fra: 150 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli med på tur for å lære om nyttevekstar

Vi skal på tur langs Lærdalselvi for å lære om nytteplanter, mest om dei plantene vi finn på denne turen. Du får læra om bærekraftig plukking av nyttevekster og korleis dei kan brukast.

Det er ikkje krav om forkunnskapar. På kurset vil du få utdelt brosjyrer om  temaet: Nyttevekster for begynnere og/eller den engelske versjonen Edible wild plants for beginners og Lag mat med nyttevekster. I mellomtida kan du fritt studere nettversjonen av brosjyrene via lenkene over.

Du får lære nokre tommelfingerreglar, som til dømes at

  • skjermplanter er den vanskelegaste slekta med flest giftige artar
  • alt på løvetann er etande
  • område der den naturlege vegetasjonen er forstyrra ofte er gode plassar for å finne nyttevekstar
  • det alltid er bærekraftig å plukke framandartar

Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF) stiller krav om at lærarar på slike kurs skal vera nyttevekstkyndige (bestått kurs i regi av NSNF). Vi er så heldige å ha fått med oss Cathrine Johnsen og Jone Sollid Næss som lærarar på kurset. Dei er begge utdanna nyttevekstkyndige og soppsakkyndige. Du kan lesa meir om dei på heimesida deira  HER

Påmelding via lenke til venstre, pris for kurset er 150 kr for medlemmar og 250 kr for dei som ikkje er medlemmar. Ta kontakt om de har spørsmål

Oppmøtedetaljer

Oppmøte ved Nasjonalt villakssenter i Lærdal. Det blir utgangspunkt for tur langs Lærdalselvi.