Soppkurs på tur

Praktisk info

Dato: 03.09.25

Tidspunkt: 16:30 - 20:30

Adresse: Voss Fallskjermklubb, Flyplassvegen, Voss, Norge

Forening: Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 8

Pris fra: 150 kr

Arrangementet er stengt for påmelding

Soppkurs med innlagt tur ved Nils Tveit og Tina Bøe

Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening arrangerer soppkurs på Voss 3. september. Me er så heldige å ha fått med oss to soppsakkyndige Tina Bøe frå Bergen sopp- og nyttevekstforening og Nils Tveit frå Voss. Oppmøtestad blir i nærleiken av Vossevangen, men me må koma attende til kvar det blir.
Program:
16.30 Velkomst. Innleiing, kort økt med litt teori om sopp
17.00 Sopptur
19.30 Samling inne med oppsummering og artsbestemming av soppane som er funne.
Her blir det og kaffi/te med noko attåt.
Ca.20.30 Avslutning
Alle deltakarar tek med seg soppkorg og god kniv.
Arrangøren syter for små korger/pappbeger til utdeling slik at ein kan skille soppartane frå kvarandre i korga.
Kursavgift kr. 250,- Medlemar  kr. 150,-. Meld deg på og betal med vipps via påmeldingsknappen her på sida. Born i følgje med føresette skal ikkje betale og treng ikkje melda seg på.
Kaffi inkludert.

Oppmøtedetaljer

Møt opp ved lokala til Voss fallskjermklubb. Vi får koma innunder tak der både før og etter soppturen på Bømoen.